Samtykke og tausheitsplikt

Publisert 3.2.2020 
COLOURBOX558188 taushetsplikt.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • Samtykke er hovudregelen for å kunne forske på humant biologisk materiale og helseopplysningar. Dette gjeld anten data blir samla inn direkte frå den opplysningane gjeld eller blir henta frå pasientjournal, anna helseregister, observasjonar, biobankar eller andre forskingsprosjekt. 

  • All forsking er underlagd hovudregelen om samtykke. Forsking som fell utanfor helseforskingslova, fordi formålet ikkje er å få fram ny kunnskap om helse og sjukdom (f.eks. samfunnsvitskapleg forsking), skal også som hovudregel, be om samtykke til bruk av helseopplysningar.

  • Dispensasjon frå tausheitsplikt er nødvendig for å forske på humant biologisk materiale eller helseopplysningar som allereie er henta inn, utan å be om samtykke. Søknad om dispensasjon frå tausheitsplikt skal vurderast av REK både for medisinsk og helsefagleg forsking (helseforskningsloven §§ 15, 28 og 35) og for anna forsking. Se Forskrift om delegering av myndighet til REK etter helsepersonelloven § 29 første ledd og forvaltningsloven §13d første ledd.

  • Skjemaet Prosjektsøknad for medisinsk og helsefagleg forsking inneheld rubrikkar for å søkje om dispensasjon frå tausheitsplikt. Du finn skjemaet her: https://rekportalen.no/ 
  • Søknad om dispensasjon frå tausheitsplikt i anna forsking skal sendast inn på eige skjema, som du finn her: https://rekportalen.no/