Forskingsansvarleg

Publisert 1.11.2012 
COLOURBOX1155494 forskningsinstitusjon.jpg
Illustrasjonsfoto: Colourbox.no
  • Den forskingsansvarlege har det overordna ansvaret for forskingsprosjektet.

  • Den forskingsansvarlege skal ha dei nødvendige føresetnadene for å oppfylle den forskingsansvarlege sine plikter etter helseforskingslova.

  • Den forskingsansvarlege er vanlegvis ein institusjon.

  • For multisenterstudiar skal kvar deltakande institusjon vere forskingsansvarleg.

  • Den forskingsansvarlege sin kontaktperson skal vere institusjonen sin øvste leiar eller den som den øvste leiaren har delegert oppgåva til.

  • Eit legemiddelfirma kan ikkje vere forskingsansvarleg aleine.