Prosjektmedarbeidar

Publisert 1.11.2012 
COLOURBOX579964 prosjektmedarbeidere.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • Prosjektmedarbeidarar er personar som bidreg med sjølvstendig vitskapleg arbeid i eit forskingsprosjekt og skal førast opp i søknadsskjemaet til REK.

  • For multisenterstudiar skal kvar deltakande institusjon ha ein dagleg ansvarleg som prosjektmedarbeidar (i tillegg til at kvar deltakande institusjon skal vere forskingsansvarleg).

  • For utdanningsprosjekt skal student(ane) vere prosjektmedarbeidar(ar).

  • Ein stipendiat som ikkje sjølv er prosjektleiar, skal vere prosjektmedarbeidar.

  • For ein spesifikk forskingsbiobank skal den ansvarshavande personen vere prosjektmedarbeidar.

  • REK kan stille særskilde krav til fagleg og vitskapleg kompetanse hos prosjektmedarbeidarar.