Søknadskrav og behandlingstid

Publisert 1.11.2012 
COLOURBOX563290 saksbehandlingstid.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • Søknad om godkjenning av forskingsprosjekt (prosjektsøknad), generell forskingsbiobank (biobanksøknad) eller dispensasjon frå tausheitsplikt for anna forsking (dispensasjonssøknad) skal sendast inn til bestemte søknadsfristar, som blir offentleggjorde for eitt år om gongen.

  • Ein prosjektsøknad eller dispensasjonssøknad skal vere innsendt av prosjektleiaren og ein biobanksøknad skal vere innsendt av den ansvarshavande for den generelle forskingsbiobanken.

  • Ein søknad skal omfatte skjema, protokoll og andre dokument og opplysningar som er nødvendig for å få ei full forståing av søknaden.

  • Saksbehandlingstida etter bestemmingane i forvaltningslova og forskrift om klinisk utprøving av legemiddel, gjeld frå REK har bekrefta at ein søknad er akseptert for komitébehandling. Svar kan då ventast innan tre veker etter datoen for det førstkommande møte i komiteen som skal behandle søknaden.

  • Komiteen kan eventuelt fatte eit utsetjingsvedtak med frist for å svare på spørsmål eller merknader.

  • For andre saker enn prosjektsøknad, biobanksøknad og dispensasjonssøknad vil behandlings­tida variere, blant anna avhengig av om saka må behandlast i komitémøte.