Offentleg informasjon om prosjekt i REK

Publisert 12.4.2013 
  • Offentleg journal og offentleg prosjektregister finst under menyvalet Prosjekter i REK.

  • Offentleg journal inneheld opplysningar om alle dokument (inkludert elektroniske skjema og e-post) som er registrert til eller frå REK dei tre siste månadene. Namnet til prosjektleiaren, norsk prosjekttittel og kva saka gjeld (søknad, tilbakemelding, rapport, klage eller anna) kjem fram i den offentlege journalen.

  • Offentleg prosjektregister er etablert i samsvar med § 44 i helseforskingslova. Opplysningar som namn på prosjektleiar og forskingsansvarleg, norsk og vitskapleg prosjekttittel, oppdragsgivar, prosjektbeskrivelse, prosjektperiode, prosjektresultater og også vurdering og vedtak i REK; er her gjort tilgjengeleg i ei form det kan søkjast i. Innsende skjema for sluttmelding til REK blir her offentleg tilgjengeleg i fulltekst.

  • Innsynsrett i fulltekstdokument er regulert av offentleglova, forvaltningslova og helseforskingslova. Viss det er ønske om å halde opplysningar unna offentleg innsyn, må det givast grunn for dette i søknad til REK. Når REK mottek ein førespurnad om innsyn i dokument, blir den som har sendt inn dokumenta varsla, og får tre dagars frist for merknader.