Mottak og fordeling av søknader

Publisert 1.11.2012 
COLOURBOX1018769 mottak og fordeling.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • Søknadsfristane blir offentleggjorde for eitt år om gongen og er felles for alle komiteane.

  • Innsende søknader om godkjenning av forskingsprosjekt (prosjektsøknader) og generelle forskings­biobankar (biobanksøknader) og søknader om dispensasjons frå tausheitsplikt for forsking som fell utanfor helseforskingslova (dispensasjonssøknader),  blir ikkje overførde til mottaket i REK før første søknadsfrist etter innsending. Søker kan derfor angre innsendinga og redigere slike søknader fram til førstkommande frist.

  • Andre skjema enn prosjektsøknader, biobanksøknader og dispensasjonssøknader, blir henta inn i mottaket samtidig med innsending frå søkjaren.

  • Nye prosjektsøknader, biobanksøknader og dispensasjonssøknader blir i hovudsak fordelte til REK i den geografiske regionen der prosjektleiaren for prosjekt og den ansvarshavande for generelle forskingsbiobankar
    har hovudarbeidsstaden sin.

  • Nye søknader blir fordelte til andre REK, viss ein REK får urimeleg mange nye søknader.