Forskningsprosjekt


Orbitafrakturar ved Ålesund sjukehus

Vitenskapelig tittel:
Orbital fractures treated at Aalesund hospital 2002-2017

Prosjektbeskrivelse:
Studien vår er ein retrospektiv kvalitetsstudie der vi vil vurdere kva typar orbitafrakturar som er behandla ved kjevekirurgisk seksjon ved Ålesund sjukehus, og kva utfall det er på desse behandlingane. Vi ønsker å studere pasientar med alle typar av orbitafrakturar behandla i perioden 2002-2017. Vi vil nytte anonymisert journalmateriale og registrere informasjon om demografi, etiologi, kliniske symptom og funn, type behandling (konservativ/kirurgisk), komplikasjonar til traumet, type behandling (teknikk og materialval), konsekvensar og resultat av behandling/ikkje-behandling, og tidsfaktorar mtp. behandlingsforløp. Vi vil systematisere dataene og utføre statistikk på dette. Vi ønsker å vurdere og samanlikne informasjonen med det som er tilgjengeleg av internasjonal og nasjonale studiar på tilsvarande område. Kunnskapen som kjem ut av studien skal bidra til å vurdere om det er behov for betring av pasientbehandlinga, eller om det er aspekt som det er viktig å vidareføre.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2018/1183 Prosjektstart: 01.06.2018 Prosjektslutt: 31.12.2020

Behandlingsstatus: Pågående
Prosjektleder: Lado Lako Loro
Forskningsansvarlig(e):  Ålesund sjukehus
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Ingen



Forskningsdata: Registerdata
Utvalg: Pasienter/klienter

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: Oralkirurgi, Nivå: Spesialistoppgåve
Behandlet i REK
DatoREK
22.08.2018 REK midt
22.08.2018 REK midt
22.08.2018 REK midt