Forskningsprosjekt


METIMMOX-studien - behandling med cellegifta FLOX og eventuelt immunterapi for pasientar med spreiing av tjukk- eller endetarmskreft

Vitenskapelig tittel:
METIMMOX: Colorectal Cancer METastasis - Shaping Anti-Tumor IMMunity by OXaliplatin

Prosjektbeskrivelse:
Omtrent halvparten som får tjukk-/endetarmskreft opplever at sjukdommen spreier seg til andre organ i kroppen. Data frå våre eigne tidlegare studiar tyder på at når ei vanleg og billeg cellegift som heiter FLOX drep svulstceller, blir immunsystemet aktivert fordi det kjenner att protein som blir frigjort frå svulsten. Basert på dette vil vi undersøke om pasientar med spreiing av tjukk-/endetarmskreft som får standardbehandling med FLOX kan oppnå enda betre behandlingseffekt viss dei også får immunterapi. Deltakarar i METIMMOX-studien vil bli tilfeldig valt ut til enten å få FLOX standardbehandling eller kombinasjonsbehandling som består av to FLOX-kurar etterfølgt av to kurar med immunterapimiddelet nivolumab, som så blir repetert. Dei to pasientgruppene vil bli samanlikna med tanke på effekt, biverknader og livskvalitet under behandling. Prinsippet med å kombinere vanleg cellegift med immunterapi kan gje nyttig kunnskap om korleis bruke immunterapi i andre store pasientgrupper også.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2017/1850 EudraCT-nummer: 2017-001845-29 Prosjektstart: 01.01.2018 Prosjektslutt: 01.07.2030

Behandlingsstatus: Godkjent
Prosjektleder: Anne Hansen Ree
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Principal Investigator (PI) har fått funding til prosjektet frå Kreftforeningen (Grant 182496; NOK 8.8M, inkludert gåveforsterkingsmidlar via Universitetet i Oslo). Prosjektet er i porteføljen til det regionale forskingsnettverket ACREDIT (www.acredit.no), kor PI er nettverksdirektør og har fått funding for frå Helse Sør-Øst (Grant 2017109; NOK 6M). Vidare søkte PI i april 2017 funding frå KLINBEFORSK-programmet i regi av dei regionale helseforetaka, men svar på denne søknaden har enno ikkje komme. Dersom denne søknaden ikkje får støtte, er det muleg vi må sette tak på kor mange senter som får delta i METIMMOX-studien. Legemiddelselskapet BMS, som er produsenten av nivolumab, gjev legemiddelet kostnadsfritt til studien (anslått verdi på EUR >1M) – sjå vedlagte intensjonsskriv (fullstendig kontrakt kan ettersendast når den føreligg, dersom det er ønskeleg). FLOX er standardbehandling som pasientane uansett skal ha, så kostnaden går på budsjettet til den onkologiske avdelinga kor pasienten får si behandling.



Forskningsdata: Legemiddelutprøving, Registerdata, Humant biologisk materiale, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter

Behandlet i REK
DatoREK
26.10.2017 REK sør-øst
30.11.2017 REK sør-øst
15.02.2018 REK sør-øst