Forskningsprosjekt


Intensiv korttidsbehandling i sengepost

Vitenskapelig tittel:
Intensiv korttidsbehandling i sengepost med fokus på medikamentfrie tiltak for pasientar med behandlingsresistente angst- og depresjonslidingar

Prosjektbeskrivelse:
Ein stor del av pasientar som mottek tradisjonell behandlng for psykisk liding har ikkje utbytte av behandlinga dei får. Forskingsprosjektet har som mål å undersøke om eit intensivt behandlingsprogram i sengepost med fokus på medikamentfrie tiltak kan bidra til betring og tilfrisking for pasientar med behandlingsresistente angst- og depresjonslidingar. Vi vil undersøke kva som kjenneteiknar pasientar som søker seg til denne behandlinga og om behandlingsprogrammet bidreg til endring på sentrale variablar: Opplevd belastning av psykisk liding, symptomnivå, interpersonleg fungering, generell dagleglivsfungering, livskvalitet, medikamentbruk og arbeidsfungering. Vi vil følge opp pasientane på desse variablane over tid for å undersøke om endringa varer etter avslutta behandling. Studien vil ha ein naturalistisk, kontrollert tidsserie-design, der pasientane verkar som sine eigne kontrollar og metodene som vil bli brukt er kvantitative.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2017/1487 Prosjektstart: 20.10.2016 Prosjektslutt: 31.12.2024

Behandlingsstatus: Ikke godkjent
Prosjektleder: Åshild Digernes Stave
Forskningsansvarlig(e):  Helse Møre og Romsdal HF
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Behandlingsprogrammet er finansiert av Helse Midt Noreg. Det er søkt til Samarbeidsorganet i Helse Midt Noreg for finansiering av forskingsprosjektet/PhD.



Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: Prosjektleiar vil søke opptak på Ph.D program ved NTNU, Nivå: PhD
Behandlet i REK
DatoREK
22.09.2017 REK midt