Forskningsprosjekt


Kva skal eg eigentleg her? Ungdomar med lite eigeopplevd hjelpebehov i møte med psykisk helsevern

Vitenskapelig tittel:

A qualitative study of the meeting between mental health care professionals and youth with low involvement in treatment.



Prosjektbeskrivelse:
Klinisk erfaring viser at mange ungdomar i BUP-systemet har lite sjølvopplevd trong for hjelp, og forsking syner at det er vanskeleg å halde ungdomar i behandling. Dette reiser mange viktige problemstillingar – både etiske og faglege. Forskingsprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB, Finnmarkssykehuset og Helse Førde, og ein ynskjer å sette fokus på desse problemstillingane gjennom å gi desse ungdommane ei stemme (kvalitative djupneintervju), slik at deira erfaringar kan bidra til å gjere hjelpetilbodet meir treffsikkert og behandlarane meir medvitne om problemstillingar knytt til andre-initiert hjelpsøking blant ungdom. I tillegg ynskjer ein å gjere fokusintervju med behandlarar på ulike BUP-ar, for å utforske kva behandlarane gjer i møtet med ungdom med lite opplevd hjelpebehov, og på kva måtar dei opplever at organiseringa av hjelpetilbodet er til hjelp og hinder i dette arbeidet. Ein vil rekruttere ungdommar og behandlarar frå 3-4 ulike BUP-ar.
(Redigert av REK)

Ref. nr.: 2016/1384 Prosjektstart: 15.08.2016 Prosjektslutt: 31.12.2020

Behandlingsstatus: Pågående
Prosjektleder: Signe Hjelen Stige
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Prosjektleiar og medforskarar har forskingstid i arbeidsavtalen sin, og vil bruke denne til arbeid med prosjektet. Lokale medarbeidarar får lønn frå arbeidsgivar. Søker driftsmidlar til lokale medforskarar frå lokale forskingsfond i helseforetaka.



Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter

Behandlet i REK
DatoREK
08.09.2016 REK vest
09.02.2017 REK vest
16.03.2017 REK vest
27.04.2017 REK vest