Forskningsprosjekt


Kliniske og genetiske studiar av parkinsonisme

Vitenskapelig tittel:
Clinical and genetic studies of parkinsonism and tremor

Prosjektbeskrivelse:
Rørsleforstyrringar, inkludert parkinsonisme og essensiell skjelving, rammar ein stadig fleire ettersom levealderen stig. Desse tilstandane er òg assosierte med demensutvikling i sjukdomsforlaupet. Det finnst i dag inga behandling som stoppar sjukdomsutviklinga hjå desse pasientane. Ein stor del av desse pasientane har familiehistore som tyder på at genetikk bidreg til at desse sjukdomane oppstår. I dette prosjektet vil vi kartleggje klinikken, samle DNA-materiale og utføre genetiske studiar med mål om å identifisere arvelege årsaker til parkinsonisme og skjelving. Pasientar med familiære sjukdom vil vere særleg viktige i dette prosjektet, men 'sporadiske' pasientar vil vere viktige for oppfølgjing av funna. Dette prosjektet kan bidra med avgjerande kunnskap for å forstå årsakene til parkinsonisme og skjelvingar. Ei forståing av årsakene er viktig for å kunne utvikle framtidig behandling som påverkar sjølve sjukdomsutviklinga.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2010/153 Prosjektstart: 04.01.2010 Prosjektslutt: 04.01.2020

Behandlingsstatus: Under behandling
Prosjektleder: Kristoffer Haugarvoll
Initiativtaker: Bidragsforskning

Forskningsdata: Humant biologisk materiale, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter, Kontrollgruppe(r)
Forskningsmetode:: Statistiske (kvantitative) analysemetoder

Behandlet i REK
DatoREK
21.01.2010 REK vest
17.06.2010 REK vest
15.09.2011 REK vest
19.04.2012 REK vest
17.09.2015 REK vest