Forskningsprosjekt


Ny metode for ALK-testing av ikkje-småcella lungekreft

Vitenskapelig tittel:

Novel miRNA-based ALK test algorithm in non-small cell lung cancer



Prosjektbeskrivelse:
Målretta behandling av lungekreft har gjeve gode resultat, basert på kunnskap om svulstens molekylære karakteristika. Ein genetisk forandring som det no finst effektiv behandling retta mot, er den såkalla ALK-translokasjonen, som førekjem hos ca 5% av pasientar med ikkje-småcella lungekreft. Behandlinga har kun effekt hos dei med påvist ALK-forandring, og dagens test-rutine for denne er dessverre både tids- og ressurskrevjande. Det er grunn til å tru at ALK-retta behandling vil bli aktuelt som fyrstelinjes behandling innan kort tid, og då er det viktig at svaret på om ALK-forandring er tilstades føreligg innan så kort tid som mogleg, slik at ein kan få gjeve rett behandling. I dette prosjektet skal me undersøkje om ein ny test-metodikk, basert på såkalla mikro-RNA-molekyl i svulsten (miRNA) har tilstrekkeleg sensitivitet og spesifisitet, og er raskare enn dagens testmetode. Me skal nytte arkiverte vevsprøver frå ca 30 pasientar med kjend ALK-positivitet.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2015/1021 Prosjektstart: 01.06.2015 Prosjektslutt: 31.05.2017

Behandlingsstatus: Under behandling
Prosjektleder: Odd Terje Brustugun
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Ekstern forskningsstøtte frå ymse kjelder (Kreftforeninga, Forskningsrådet, Helse Sørøst). Analysene i Denver er finansiert der.



Forskningsdata: Registerdata, Humant biologisk materiale
Utvalg: Pasienter/klienter

Materiale fra biobank:
Diagnostisk vevsbank Patologisk anatomisk laboratorium
Vevsprøver fra lungekreftpasienter, knyttet til prosjektet Molekyloerbiologiske studier ved lungekreft
Behandlet i REK
DatoREK
10.06.2015 REK sør-øst