Forskningsprosjekt


Er du det du et? Heilkorn og genuttrykk i Kvinner og kreft-studien.

Vitenskapelig tittel:

Associations between whole grain intake, alkylresorcinols and gene expression in Norwegian women



Prosjektbeskrivelse:
Kosthald er viktig for helsa, men mange matvarer som er mykje brukt i Norden er lite forska på. No oppsummerer forskarar at for kreft er truleg grove kornprodukt viktigare enn frukt og grønsaker. Måling av kosthald er vanskeleg, og bruk av objektive biomarkørar i tillegg til spørjeskjema er rekna som ein stor styrke. Vi har tidlegare målt genuttrykket i blodet til kvinner med og utan kreft i Kvinner og kreft-studien. No vil vi i tillegg måla alkylresorcinolar, ein biomarkør for inntak av heilkorn. Målet er å sjå på om vi kan sjå skilnader i genuttrykket hos dei som har høge og låge nivå av alkylresorcinolar i blodet, og dei som et mykje og lite grovt brød hos dei friske kvinnene (kontrollane til dei med kreft). Dersom vi gjer det vil vi seinare kunna sjå på kosthald, genuttrykk og kreftrisiko i Kvinner og kreft-kohorten.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2014/2329 Prosjektstart: 02.02.2015 Prosjektslutt: 31.12.2017

Behandlingsstatus: Pågående
Prosjektleder: Guri Skeie
Forskningsansvarlig(e):  UiT
UiT - Norges arktiske universitet
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Vi fekk ikkje innvilga søknaden vi hadde inne (om alkylresorcinolar+ andre biomarkørar), men samarbeidspartnarane er så interesserte i å få gjort dette, at Rikard Landberg, SLU, finansierer analysane. Vi har fått pengar til ein stipendiat (under tilsetjing) som kan jobba med dette, viss ikkje vil det bli prosjektmedarbeidarane som skriv artiklane.



Forskningsdata: Registerdata, Humant biologisk materiale
Utvalg: Bare ett kjønn

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: Molekylær epidemiologi/ernæring, Nivå: PhD
Sluttmelding/publikasjon: Prosjektet lot seg ikke gjennomføre
Materiale fra biobank:
Biobanken Kvinner og kreft
Behandlet i REK
DatoREK
08.01.2015 REK nord
29.11.2018 REK nord