Forskningsprosjekt


Analog mammografiscreening i Møre og Romsdal: sanne og oversette tilfelle av intervallkreft og kreft påvist i påfølgande screeningundersøking.

Prosjektbeskrivelse:
Regransking av mammogram som viser intervallkreft og kreft hjå kvinner med tidlegare deltaking i screeningprogrammet er ein del av kvalitetskontrollen i den offentlege mammografiscreeninga i Norge. Dei diagnostiske bileta blir jamførte med bilete som blei tekne ved forrige screeningundersøking, for å fremje kunnskap om utvikling og vekst av svulstar og korleis dei ulike svulstane viser seg på røntgenbileta. Dette er også viktig for å vurdere korvidt kvaliteten på det radiologiske arbeidet er god nok, då t.d. ein høg frekvens av intervallkreft kan tale for at ein ikkje finn nok brystkrefttilfelle ved screeningundersøkinga. Ei slik regransking blei gjennomført hausten 2008. Mammografiundersøkingar frå intervallkreft og kreft i påfølgande screeningrunde hjå kvinner som deltok i screeningprogrammet i Møre og Romsdal 2002-2008 vart regranska. To radiologar tilsett ved Brystdiagnostisk Senter i Møre og Romsdal samarbeidde med to radiologar frå Brystsenteret i Vestfold for ein mest mogleg objektiv regranskning av aktuelle mammografiundersøkingar. Resultata viste seg å vere så interessante at vi no søker om tillatelse til å publisere våre data i ein vitskapleg artikkel. Som utfyllande informasjon kan nemnast at det hausten 08 også vart gjennomført ein tilsvarande regranskning av brystkrefttilfelle ved Brystsenteret i Vestfold, også dette som eit kvalitetssikringsprosjekt. Det blir og sendt ein søknad til REK Sør-øst der Solveig Hofvind, Kreftregisteret søker om tillatelse til å nytte aggregerte (anonymiserte) data frå desse to kvalitetssikringsprosjekta til å gjennomføre ein samanliknande studie av resultat frå regranskning av henholdsvis analoge og digitale mammografiundersøkingar. I Møre og Romsdal blir alle bilete teke med analog teknikk, medan Vestfold nyttar digital teknikk. Innføringa av digital teknikk er ein relativ ny metode innan mammografi og det er viktig med jamføring av resultat frå analog og digital teknikk for å vurdere effekten av den nye metoden.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2009/1710 Prosjektstart: 01.11.2009 Prosjektslutt: 01.01.2011

Behandlingsstatus: Utenfor mandatet
Prosjektleder: Solveig Roth Hoff
Forskningsansvarlig(e):  Helse Sunnmøre
Initiativtaker: Bidragsforskning

Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter
Forskningsmetode:: Statistiske (kvantitative) analysemetoder

Del av forskningsprogram: Den offentlege mammografiscreeninga i Norge, Mammografiprogrammet
Behandlet i REK
DatoREK
02.11.2009 REK midt