Forskningsprosjekt


Intensivbehandling av pasientar over 80 år i Noreg (3)

Vitenskapelig tittel:
Dette er ein del (studie 3) av eit PhD- prosjekt.
Tittel: Triageavgjerd av potensielle intensivpasientar over 80 år (Intensive care admission decisions for patients over 80 years in Norway).

Prosjektbeskrivelse:
Noreg kjem, som mange andre land, til å få ein markert auke i talet på eldre, og dermed også eldre pasientar som gjennomgår avansert medisinsk behandling og intensivbehandling. Det er allereie i dag mangel på intensivplassar i norsk medisin. Det er difor av vesentleg interesse å få god dokumentasjon på i kva grad dei eldre får tilbod om intensivbehandling, og kva resultatet av denne behandlinga blir for ulike grupper eldre pasientar både på kort sikt (under sjukehusopphaldet) og etterpå. Dette er ein prospektiv multisenter observasjonsstudie ved fire norske sjukehus (Ålesund, Trondheim, Bergen og Stavanger), der ein vil undersøkje i kva grad potensielle intensivpasientar over 80 år faktisk vert intensivbehandla, korleis desse vert vurderte og kva faktorar ein legg vekt på før eventuell innlegging i intensivavdeling, og skilnader mellom sjukehus. Inklusjonstid er 6-12 månader. Ca. 300 pasientar skal rekrutteras. Det skal nyttas data fra Norsk intensivregister (NIR), pasienjournalar, og "Triage- skjema" (utfylt av vakthavande anestesi-/intensivlege). Det skal også takas blodprøve for å få laktat. Studien skal gjerast utan samtykke frå pasientane.
(Redigert av REK)

Ref. nr.: 2013/1114 Prosjektstart: 01.10.2013 Prosjektslutt: 31.12.2016

Behandlingsstatus: Pågående
Prosjektleder: Finn H. Andersen
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder: Det vart 01.04.13 søkt om prosjektmidlar for 3 månader ved Helse Møre og Romsdal HF. Planlagt søknad om PhD- stipend hausten (f.o.m. 2014).

Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter
Forskningsmetode:: Statistiske (kvantitative) analysemetoder
Antall forskningsdeltakere (Norge): 300

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: PhD, Nivå: Klinisk medisin
Del av forskningsprogram: Dette er studie 3 av eit PhD- prosjekt: Intensivbehandling av eldre pasientar over 80 år i Noreg.
Behandlet i REK
DatoREK
21.06.2013 REK midt
25.10.2013 REK midt
29.11.2013 REK midt
19.09.2014 REK midt
23.10.2015 REK midt