Forskningsprosjekt


Intensivbehandling av pasientar over 80 år i Noreg (2)

Vitenskapelig tittel:
Denne prosjektsøknaden gjeld studie 2 i eit PhD- prosjekt:
Langtidsmortalitet og helserelatert livskvalitet hos intensivpasientar over 80 år (Long-term mortality and Quality of life in intensive care patients over 80 years)

Prosjektbeskrivelse:
Noreg kjem, som mange andre land, til å få ein markert auke i talet på eldre, og dermed også eldre pasientar som gjennomgår avansert medisinsk behandling og intensivbehandling. Det er allereie i dag mangel på intensivplassar i norsk medisin. Det er difor av vesentleg interesse å få god dokumentasjon på i kva grad dei eldre får tilbod om intensivbehandling, og kva resultatet av denne behandlinga blir for ulike grupper eldre pasientar både på kort sikt (under sjukehusopphaldet) og etterpå. Denne studien vil undersøkje langtidsmortalitet (1 år) hos intensivpasientar over 80 år innlagde ved Haukeland universtetssjukehus i tidsperioden 2000-2012 (totalt 850 pasientar). I tillegg vil ein studere helserelatert livskvalitet til dei som enno er i live, samt få fram kvalitetsjustert leveår. Det skal nyttas data frå pasientjournal, spørjeskjema om livskvalitet, REGINA (Lokalt register for intensivavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus) og Folkeregisteret. Studien er basert på informasjonsskriv og at pasientane samtykkjer med å fylje ut spørjeskjemaet.
(Redigert av REK)

Ref. nr.: 2013/1113 Prosjektstart: 01.08.2013 Prosjektslutt: 30.09.2014

Behandlingsstatus: Godkjent
Forskningsstatus: Avsluttet
Prosjektleder: Finn H. Andersen
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder: Prosjektleiar har søkt om forskingsmidlar frå Helse Møre og Romsdal, og kjem til å søke PhD- stipend (gjeldande f.o.m. 2014).

Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter
Forskningsmetode:: Statistiske (kvantitative) analysemetoder
Antall forskningsdeltakere (Norge): 850

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: PhD, Nivå: Klinisk medisin
Del av forskningsprogram: Denne studien er ein del av eit PhD- prosjekt (Intensivbehaldling av pasientar over 80 år i Noreg).
Behandlet i REK
DatoREK
21.06.2013 REK midt
29.11.2013 REK midt