Forskningsprosjekt


Erfaringar med eit spesialisert poliklinisk tilbod til pasientar med emosjonell ustabilitet og sjølvdestruktiv atferd

Prosjektbeskrivelse:
Søknaden gjeld ei retrospektiv undersøking av data frå ein klinisk gjennomgang av behandling gitt ved ein spesialisert poliklinikk for ungdom med sjølvskading og sjølvmordsatferd i Nordmøre og Romsdal. Tilbodet vart oppretta i 2007. Poliklinikken har spesialisert seg innan dialektisk atferdsterapi (DBT), ein form for kognitiv atferdsterapi utvikla for menneske med redusert emosjonsregulering og sjølvskalding. Målgruppa er utvida til også å omfatte spiseforstyrrelser. Det er gjennomført ein gjennomgang av resultat etter ½ år, 1 år, ved slutt og 2 år etter avslutta behandling. Målet med dette prosjektet er å systematisere evalueringsresultata med tanke på publisering. Undersøkinga gjeld alle pasientar som har vore i behandling ved DBT-poliklinikken frå februar 2007 til februar 2012. Til saman vil det dreie seg om data, blant anna journalopplysningar, frå om lag 80 personar, 45 personar som deltar i DBT retrospektive data, 25 som ikkje deltar og 10 drop-outs. Det skal hentast opplysningar frå pasientjournalar til alle dei som har deltatt i DBT, dei som ikkje vart med i DBT, og dei som har falle ut av behandlinga. Ein ønsker å få fram ein systematisk oversikt over diagnosar, vurdere resultat og kvalitet av behandlinga og finne ut korleis det er gått med dei som ikkje har blitt med på denne behandlingsforma. Det er ikkje planlagt om å innhente samtykke til undersøkinga. Data ligg alt føre som ” ledd i klinisk, løpande evaluering og kvalitetssikring” og er avidentifisert.
(Redigert av REK)

Ref. nr.: 2011/2619 Prosjektstart: 01.01.2012 Prosjektslutt: 01.01.2013

Behandlingsstatus: Utenfor mandatet
Prosjektleder: Heidi Bjørnerem
Forskningsansvarlig(e):  Helse Møre og Romsdal
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Vi har høve til å gjere dette i arbeidstida, evt studiepermisjon. Vi må betale for bruken av eit par spørsreskjema, ca 5000 kroner.



Forskningsdata: Registerdata
Utvalg: Pasienter/klienter
Forskningsmetode:: Statistiske (kvantitative) analysemetoder
Antall forskningsdeltakere (Norge): 80

Behandlet i REK
DatoREK
12.01.2012 REK sør-øst