Forskningsprosjekt


Helserelatert livskvalitet og posttraumatiske reaksjonar etter ekstrakorporal membran oksygenering.

Vitenskapelig tittel:
Health related quality of life and posttraumatic reactions after treatment with extracorporeal membrane oxygenation.

Prosjektbeskrivelse:
Ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har det vore ei firedobling i pasientar som har mottatt veno- arteriell ekstrakorporal membran oksygenering (VA ECMO) dei siste tre åra. Det føreligg lite norsk forsking på helserelatert livskvalitet og posttraumatiske reaksjonar hjå overlevande etter behandlinga. Kunnskap kring dette kan bidra til at helsepersonell set i verk tiltak som førebygjer psykiske seinreaksjonar og som kan betra helserelatert livskvalitet i etterkant av sjukehusopphaldet. Ved hjelp av sjukehusjournalar og spørjeskjema vil me gjere eit tverrsnittstudie av vaksne overlevande etter VA ECMO ved HUS. Studiet har som formål: 1) Auka forståing av helserelatert livskvalitet. 2) Kartleggje førekomst og komorbiditet av symptom på posttraumatiske reaksjonar som posttraumatisk stressliding, angst og depresjon. 3) Oppdaterte tal på langtidsoverleving av VA ECMO- pasientar på HUS.
(Prosjektleders prosjektbeskrivelse)

Ref. nr.: 2018/1872 Prosjektstart: 27.09.2018 Prosjektslutt: 31.12.2019

Behandlingsstatus: Pågående
Prosjektleder: Venke A Johansen
Initiativtaker: Bidragsforskning
Finansieringskilder:

Ingen finansiering. 



Forskningsdata: Registerdata, Mennesker
Utvalg: Pasienter/klienter

Utdanningsprosjekt/doktorgradsprosjekt: Studium: Master i klinisk sykepleie (Intensiv HVL, Nivå: master
Behandlet i REK
DatoREK
31.10.2018 REK sør-øst
16.01.2019 REK sør-øst