Brukarkonto

Publisert 2.2.2015 
COLOURBOX1069700 brukerkonto.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • For å sende inn eit skjema eller vere medbrukar på eit prosjekt i REK må du ha ein brukarkonto i portalen.

  • Du må gi opp e-postadressa di som brukarnamn og be om å få sendt passord.

  • Av sikkerheitsgrunnar blir passordet maskinelt generert. Du kan be om nytt passord kor mange gonger du vil.

  • Passord og svar frå REK blir sendt til den e-postadressa du gav opp som brukarnamn.

  • Svar frå REK blir sendt med avsendar post@helseforskning.etikkom.no For å unngå at e-post frå REK skal bli luka ut som søppelpost, bør du lagre denne e-postadressa i kontaktlista/adresseboka di.

  • For å få tilgang til saksportefølje, skjema og dokument må du vere innlogga med den e-postadressa du var innlogga med då du oppretta skjemaet, eller den e-postadressa prosjektleiaren har oppgitt for deg som medbrukar. Saksportefølje og skjema vil ikkje visast viss du er innlogga med eit anna brukarnamn, for eksempel med ei aliasadresse eller ei adresse som e-post til oppgitt brukarnamn er sendt vidare til.

  • Du kan ha same brukarnamn både som prosjektleiar for eigne prosjekt og som medbrukar for andre sine prosjekt.