Medbrukarar

Publisert 23.3.2015 
COLOURBOX554392 medbrukere2.jpg
Illustrasjonsfoto: colourbox.no
  • Prosjektleiaren for forskingsprosjekt kan opprette medbrukar(ar) for eit skjemautkast. Medbrukaren skal oppgivast med e-postadresse som brukarnamn i eit eige felt i det aktuelle skjemaet. Skjemautkast for generell forskingsbiobank kan ikkje ha medbrukar.

  • Medbrukaren kan redigere i eit skjema som er under utarbeiding, men kan ikkje slette eller sende inn skjemaet. Medbrukarretten til skjemaet blir stansa når skjemaet er sendt inn.

  • Prosjektleiaren for forskingsprosjekt eller den ansvarshavande for generell forskingsbiobank kan opprette medbrukar(ar) for saksporteføljen. E-postadresse for medbrukaren leggjast inn i saksporteføljen for den aktuelle saka under menyvalet 'Mine saker og nye skjemaer' på 'Min side'. Medbrukaren får tilgang til alle inngåande og utgåande dokument i mappa for saka. Medbrukartilgangen til saksporteføljen blir vidareført inntil prosjektleiaren/den ansvarshavande eventuelt fjernar tilgangen.

  • Medbrukaren må vere innlogga med nøyaktig den e-postadressa som er oppgitt i skjemaet eller saksportefølje. Skjema og saksportefølje for ei sak man er medbrukar på, vil ikkje visast viss medbrukaren er innlogga med eit anna brukarnamn, for eksempel ei aliasadresse eller ei adresse som e-post til oppgitt brukarnamn er vidaresendt til.